Gåve frå Sparebankstiftinga Bø

Bø museum har store samlingar, som består av gjenstandar, foto, dokument og bygningar. Samlingane må sikrast for framtida, slik at kulturarv og historie frå bygda vår blir bevart for komande generasjonar.
Å ta vare på dei store samlingane til museet krev fagleg kompetanse, noko som er for krevjande for dei frivillige å ta ansvar for framover.
Bø museum søkte derfor i haust Sparebankstiftinga Bø om midlar til forprosjekt samarbeid/konsolidering med eit anna museum. Det har vore kontakt med Vest-Telemark museum om denne saka.
Bø museum har fått kr 300 000 frå Sparebankstiftinga Bø til dette forprosjektet, noko me er svært takksame for.
Ellen Schrumpf (tv), Bergit Li og Ingrid Smedstad mottok sjekken frå Sparebankstiftinga Bø på Bø torg sist laurdag. (Foto: Gro B. Røiland, Bø blad.)








