Sommarutstilling på Bø Museum: «Skogsbruk og bruksskog». Utstillinga er open ut juli, tysdag til sundag kl 12-17. Leikeområde, museumsbutikk, kafe

Tømmertransport til Nybuvelta i Østerli skog

Skogen har vore til glede og nytte for alle i Bø og omegn til alle tider. Årets sommarutstilling på Bø Museum viser ulike sider ved livet i og med skogen opp gjennom tida. Skogen har sjølvsagt vore leveveg og arbeidsstad for dei som hogde og selde tømmer, men i tillegg har skogen gjeve bær og kjøtt til mat; tremateriale til bygg og reiskapar; og område som blei bruka til rekreasjon.
Kom innom på utstillinga i sommar og les meir om tømmerdrift og tømmerfløting, skogsarbeidaren, jakt, matauk og mykje meir.
Bø Museum er ope frå 2. til 31. juli, tysdag til sundag kl 12-17.
Leikeområde, museumsbutikk og kafe. Velkomen til Bø Museum!

Besøk av Maurtuva barnehage

Maurtuva barnehage, gruppa med 4 og 5-åringar, var på besøk på Bø Museum torsdag 12. mai. Etter å ha ete medbrakt føremiddagsmat, køyrde dei både tog og veteranbil på museumsområdet. Elles var det leik med ball og spel, og det var stor aktivitet med 22 ungar. Besøket blei avslutta med saftis.