Skulebesøk på Bø Museum i august og september

Mange skuleelevar kjem til museet i starten av skuleåret. 6. klassetrinn ved Bø skule og Folkestad skule skal vere med å bake brød i den gamle steinomnen på museet. Etter at baksten er ferdig, får dei med seg kvart sitt nybaka brød heim, det plar vere populært.
Dei fire femteklassene i gamle Bø kommune har gjennom Den kulturelle skulesekken fått tilbod om ein dag med «Lokalhistorie». Klassa blir dela i to grupper, spikking og rollespel i Åheim Landhandel. Etter føremiddagsmat bytter gruppene tema.
I august og september er det ti dagar med skulebesøk på Bø Museum. Mange frivillige hjelper til med laging av brøddeig, grautkoking og andre oppgåver.

Rollespel i landhandelen.