Arrangement på Bø Museum i haust

Laurdag 1. oktober kl. 12.00-15.00: Open haustdag på museet
Bø Museum inviterer til open dag med kafe, natursti og uteaktivitetar for store og små. Utstillinga «Skogsbruk og bruksskog» er open. Museumsbutikk med bøker mm.
Halvor Ulvenes gir i haust ut bok nummer 5 i serien «Det hende i Telemark». Dette er siste bok i denne serien. Du kan møte Halvor på museet mellom kl 14 og 15, sal og signering av bøker.


Onsdag 12. oktober kl 19: Åsmund Fregdegjeva – Folkemusikalsk forteljarkonsert 
Ein folkemusikalsk forteljarkonsert med Ingebjørg Lognvik Reinholdt, bygd over balladen om Åsmund Fregdegjeva. Ingebjørg blandar forteljarkunst og kvedarkunst i denne soloforestillinga, der ho tek deg med inn i ei anna tid, med helten som seglar over havet for å redde jomfrua og kjempe mot gygrer og all slags magiske skapningar. 
Vi startar programmet med ei innleiing ved Sigrid Aksnes Stykket. Kaffi og kaker, inngang kr 100.

Laurdag 26.- søndag 27. november: Julemesse på Bø Museum

Kulturtur til Årmotdalen onsdag 7. september

Nedre Bråten, foto Roy Olsen.

Den årlege kulturturen går til Langerud og Bråten i Årmotdalen. Gunleiv Brukås og Finn Rønning fortel om Langerud-plassane og Bråten-gardane som er tidlegare husmannsplassar. Kaffirast undervegs. Lett tur.
Avreise frå Bø Torg kl.18.00.
Kontaktperson Bergit Li, tlf 47618312.
Turen er eit samarbeid mellom Bø Turlag og Bø Museum.