Åheim

Åheim landhandel er del av ei landhandel-historie som går tilbake til Bøe Forbrugsforening som blei stifta på Gunvorskås i 1869. Forretningen flytte etter kvart til Oterholt, og i 1898 stod Åheim Landhandel ferdig. Bygningen er i sveitserstil og byggmeister var Halvor J. Stadskleiv.
Pakkbua var lager for ulike vareslag, der ein framleis kan sjå gamal emballasje av ulikt slag. I dag blir pakkbua bruka til konsertlokale, museumsbutikk, kafe.
I krambua/forretningen finn ein resten av varene som Halvor G. Sisjord hadde ijgen da han la ned drifta under siste krig. Truleg pakka han vekk varelageret på grunn av krigen. Da museet tok over Åheim, kunne ein sette dei same varene opp i hyllene igjen! Vareutvalet var stort; frå spiker, porselen, klesrullar og mat. På utsida av disken står benken der kundane kunne sitje og slå av ein prat. Eit lite skilt oppfordrag til å spytte i bakkane og ikkje på golvet!
På kontoret finn ein skrivebord, skrivesaker og rekneskapsbøker. Pengeskåpet har tjukke veggar og tre dører.

I andre etasje er det leiligheit med opphaveleg interiør. Her er kjøkken med spiskammers, daglegstoge, soverom til kjøpmannen og kona, bestestoge, rom for tenesteguten.
I første høgda på Åheim finn ein også eldhuset. Eldhuset blei nytta til alle større gjeremål gjennom året, brygging, baking, vasking, stell av slakt mm. Nå blir eldhuset bruka til baking av brød og anna gjærbakst i den gamle steinomnen.
Åheim landhandel blei drive fram til 1960.