Årmotdalselva/Åseåa er ein lang og viktig elvastrekning i Bø. Årmotåa heiter elva som kjem fra Gavlesjå, Tjørnstul- og Hollaneområdet. Den samlar vatn fra dei nordaustlege delane av Lifjellplatået rundt Hollaneområdet, og har ei total lengde på opp mot 30 km. Elva renn gjennom store skogområder fra Slettefjell/Gavlesjå og austsida av Øysteinnatten/Skåra-fjell, skogane på vestsida av Bukkeli-/Røytebufjellet og Stokkland-heiane. Den øvre delen av elva som kjem fra Hollane heiter Aslakstulåa, men fra Grønbygil kallas den Årmotdøla. Fra Åseområdet kallas den Åseåa fram til den renn over i Hørteåa ved Høgfossåmotet der Lonaåa fra Resjemvatnet kjem inn franordaust.
På grunnlag av opptegningar fra Gunleiv Brukås, som lokal kjentmann i området, er det oppført anlegg for sanke- eller fløytingsdammar ved ei lang rekke vatn på Lifjell.
- Gavlesjådammen. Her låg ei damhytte omlag 150 meter nedanfor dammen
- Kruvladammen i oset fra Kruvlatjønna. Her samlast vatn fra Tjønnstultjønna og Kruvla
- Brødløs. Her låg ei enkel køyte som arbeidarane låg i når dei hogg og drog tømmer ned til elva. Like nedanfor er Aslakstulfossen, som truleg var ein stad der fløytarane måtte måtte vere serleg på vakt.
- Djeveløen – nedanfor Grønbygil. Namnet tyder på ein vanskeleg stad å fløyte tømmer Her låg òg ei køyte.
- Helvetesholet. Namnet seier vel alt om vanskane.
- Høgefoss. Her blei det bygd ei renne for å få tømmeret ned.
- Langetjønndammen på Resjemheia. Herfra rant vatnet gjennom Damtjønn, Resjemvatnet og Vatnarvatnet ned Lonaåa til Høgfoss.
- Dam ved Damtjønn
- Sagtomta. Her blei det brent og hogd ut ei renne i fjellet for å fløyte tømmeret ned
- Vatnardammen ved utløpet av Vatnarvatnet
- Teingardsdammen
- Kloppadammen
Årmotdalselva/Åseåa har i alle tider vore ei viktig fløytingselv for tømmer frå desse skogane, og var heilt til den fyrste delen av vegen gjennom Årmotdalen blei bygd i 1936 den einaste måten å få fram tømmer på. I 1954/55 blei vegen forlenga fram til Årmotgvolven som privat skogsbilveg, inntil Sundsbarm kraftanlegg anla skogsbilveg til Notodden kommunegrense som erstatning for bortfall av tømmerfløyting i Åseelva. Privat skogsbilveg blei bygd vidare fram til Grønbygil på 1970-talet, og i dag er det Årmotdalen veglag som administrerar vegen.
(Her må me fylle ut med meir stoff om fløytinga i elva, stader, velteplassar, evt. forbygninger osv).