Sommarutstilling “Skibygda Bø – folkeliv og skisport”

Bildet er truleg frå tidleg på 1950-talet før vegen kom til Jønnbu

Bø har lange tradisjonar i hoppbakken og skisporet. I sommar set Bø Museum fokus på skibygda Bø med ei eiga utstilling.
Kva er det så som gjer Bø til ei skibygd? For det fyrste har skigåing vore ein sentral del av kvardagslivet til menneska i Bø, anten som praktisk framkomstmiddel eller rekreasjon i løypene eller bakkane i bygda eller på Lifjell.

Utstillinga kjem til å vise gjenstandar og fortelje historier om skigåing som folkeleg aktivitet. For det andre har Bø fostra fleire utøvarar i både nasjonal og internasjonal klasse. Fyrste halvdel av 1900-talet var Bø ein av dei fremste hoppbygdene i landet med utøvarar heilt i verdstoppen. Fleire verdsrekordar blei sett av bøheringar, attpåtil blei den første registrerte rekorden i 1808 sett av bøheringen Olaf Rye på 9,5 meter.


Utstillinga blir ståande til slutten av april 2022. Utstillinga er open i samband med arrangement på museet. Det vil også bli arrangement som har tema frå utstillinga.

Legg igjen en kommentar