Åsestugo

Åsestugo

Professor Johan Meyer skriv i Fortidskunst iNorges bygder, Telemarken III, i 1918:
«Den gamle stue på Åse er skjænket til Bø Bygdemuseum. Dersom den får sit gamle inventar tilbake, vil den bli en virkelig severdighet. (…). Opstuen stod indtil for få år siden i sin gamle skik. Den var en typisk selskapssal med 2 høgsæter mot hinanden og langbord fra det ene til det andet foran de to gavlvinduer. Hvert høgsæte hadde sit vindu i langveggen, sit roskap og sit framskap. (…) Alle vinduer har blyforglasning knyttet til en efter midten vandret liggende ytre stormstang. De fargerike, men sjelden rolig stemte møbler staar udmerket mot de brune tømmervægger og det skurede gulv. Den flate himling viser rik og djervt tegnet mønstringer på lys brungrå bund mellom brunrøde bjelker.»

Åsestugo blei fløtt til Bø Gamlesjå ved Lahusi 1918, museumsområdet i Bø den gongen. Meininga var å bygge opp ein gamal gardfrå 1700-talet i Bø på denne tomta. Men museumslaget den gongen makta ikkje ågjere huset ferdig, og i 1930 ga museumslaget opp og overdrog eigedomen til BøUngdomslag. Dei tok vare på bygningen i fleire tiår, men makta heller ikkje åfullføre museumsprosjektet.

Nokre få år etter at Bø Bygdemuseum (Bø Museum) i dag blei skipa på nytt, ga Bø Ungdomslag Åsestugo som gåve til museet.

Etter fleire år med planlegging gjekk museet i gang med flytting av huset til museumsområdet på Oterholt. Tilskot frå Eckbos legat og sal av tomta var med på å gjere det muleg.

 Åsestugo er truleg bygd kring 1750 og rosemålinga er utført nokre tiår seinare. Vi kjenner ikkje namnet på rosemålaren, men han har fått namnet «Åsemålaren» ettermålinga i denne stugo. Det er svalgangar i to høgder langs  den eine sideveggen og halve framsida.                   

 Idag står Åsestugo som ei perle på Bø Museum. Oppstugo har fått sitt gamle originale rosemåla inventar tilbake (gåve frå daverande eigar av Åse) og har blitt ein prydnad for auget.  Første høgda har fått tidstypisk innreiing.