Nettbutikk

Bø museum har laga ein nettbutikk som nå inneheld bøker, men som etter kvart blir fylt opp med andre produkt.

Vi har nå bøker i desse kategoriane. Folkemusikk, lokalhistorie og kulturhistorie.

Her finn du nettbutukken

Sommarutstilling «Skibygda Bø – folkeliv og skisport»

Bildet er truleg frå tidleg på 1950-talet før vegen kom til Jønnbu

Bø har lange tradisjonar i hoppbakken og skisporet. I sommar set Bø Museum fokus på skibygda Bø med ei eiga utstilling.
Kva er det så som gjer Bø til ei skibygd? For det fyrste har skigåing vore ein sentral del av kvardagslivet til menneska i Bø, anten som praktisk framkomstmiddel eller rekreasjon i løypene eller bakkane i bygda eller på Lifjell.

Utstillinga kjem til å vise gjenstandar og fortelje historier om skigåing som folkeleg aktivitet. For det andre har Bø fostra fleire utøvarar i både nasjonal og internasjonal klasse. Fyrste halvdel av 1900-talet var Bø ein av dei fremste hoppbygdene i landet med utøvarar heilt i verdstoppen. Fleire verdsrekordar blei sett av bøheringar, attpåtil blei den første registrerte rekorden i 1808 sett av bøheringen Olaf Rye på 9,5 meter.


Utstillinga blir ståande til slutten av april 2022. Utstillinga er open i samband med arrangement på museet. Det vil også bli arrangement som har tema frå utstillinga.

Bø-kalenderen 2021


Bø-kalenderen 2021 kan du kjøpe kalenderen gjennom nettbutikken Aaheim Landhandel. I kalenderen finn du interessant historie og bilde frå Bø.

Bø kalenderen 2021

Medlemskap Bø Museum
Du kan støtte Bø Museum gjennom medlemskap, medlemskontingenten for 2021 er:
Enkeltmedlem kr 250,-. Familiemedlemskap Kr 300,-
Innbetaling til konto: 2630 07 11269. Hugs å skrive namn på innbetalinga

Register deg her.