Bokkveld med Halvor og Halvor

Bø Museum og Bø Ungdomslag hadde bokkveld på Sandvin torsdag 15. oktober. Kvelden opna med at tre jenter frå Bø juniorspelemannslag spela tre slåttar. Etterpå presenterte Halvor Kleppen og Halvor Ulvenes bøkene sine, og etter ei lita pause, blei dei bokbada Kristian Ihle Hanto.
Halvor Ulvenes har nå ferdig bok nr 3 i serien “Det hende i Telemark”. Det er historier om dåd og udåd fortalt i Varden. Halvor Kleppen si bok “Dei kom i lufti – ballongen 1870” er ei rikt illustrert bok. Boka fortel historien om den lengste bemanna luftferda i verda til da, og den første bemanna luftferda over Noreg. Her er bakgrunnen for den den fransk-prøyssiske krigen, den dramatiske ferda 25. november 1870 og berginga av franskmennene i Seljord.
Bøkene “Det hende i Telemark” band 1 og 3 samt boka “Dei kom i lufti – ballongen 1870” kan du få kjøpt i nettbutikken til Bø Museum eller ved å ta ein tur på Bø Museum tysdagar mellom kl 13 og 15.
I nettbutikken finn du også andre lokalhistoriske bøker.




Legg igjen en kommentar