Bø museum var tidlegare eit halvoffentleg museum, og var etter 2003 konsolidert som ein del av Telemark Museum. Etter at Bø museum gjekk ut av konsolidering med Telemark museum, forsvann diverre faste statlege ressursar frå 2016, men dei kommunale løyvingane følgde museet. På bakgrunn av dette har museet i hovudsak vore drifta med utgangspunkt i kommunale ressursar og ulike søknadsmidlar og har eit årleg driftsbudsjett på omkring 1.100.000 kr
Bli medlem
Du kan støtte Bø Museum gjennom medlemskap, ved å gje Grasrotandel til museet, gåver i form av bidrag til samlingane og gjennom økonomisk støtte.
Medlemskontingent
Enkeltmedlem kr 300,-
Familiemedlemmer Kr. 400,-
Innbetaling til konto: 2630 07 11269. Hugs å skrive namn på innbetalinga.
Du kan registrere medlemskap her
Felt med * må fyllast ut
Grasrotandel
Grasrotandelen gjev deg som spelar hos Norsk Tipping mulighet til å bestemme kven som skal motta overskotet til Norsk Tipping. Når du spelar går 7% av speleinnsatsen din til den mottakaren du vel utan at det går ut over din innsats, premie eller vinnersjanser.
Send SMS ”Grasrotandelen 975618838” til 60000
Gåver til samlinga
Har du gåver du ønskjer å gje til Bø Museum så ta kontakt med samlingsansvarleg, Finn Rønning på e-post: finn@bomuseum.no eller på mobil: 994 01 339.
Økonomisk støtte til Bø Museum
Bø kommune gir økonomisk støtte til drifta ved Bø Museum. Styret og medlemmer støttar på si side ved å drifte museet på dugnad.
Det er alltid behov for fornying og vedlikehald innan drifta og vidareutvikling av museet.
Museumsfondet
Ønskjer du å bida til vidareutvikling av museet er vi svært glade for alle bidrag, store som små. Museumsfondet kan bare nyttast etter vedtak på årsmøtet. Konto for Museumsfond: 2630 07 11269
Sponsor – samarbeid
Ønskjer du eller din bedrift å bidra til drifta ved museet kan du bli ein av våre sponsorar eller samarbeidspartnarar.