Bø Museum – sommarutstilling – 7. juli og til og med 2. august – tysdag til sundag kl. 12 til 17

Som eit smitteverntiltak legg vi ut Utstillingskatalogen som du enten kan skrive ut eller ha med deg på smarttelefon eller nettbrett.

Bø Museum har ny utstilling i år med tittel “Høgtider i livet – Frå barsel til likferd”. Utstillinga tek for seg gamle tradisjonar og skikkar i Midt-Telemark knytt til barsel, bryllaup og gravferd. Bø Museum har fått låne inn fleire gjenstandar til utstillinga, bl a likbåre som blei bruka i Bø kyrkje til utpå 1800-talet og døypefonten frå Bø gamle kyrkje.
Maren Andrea Rønning er prosjektleiar for utstillinga.

Utstillinga opnar sundag 5. juli kl 17, opningsprogram: felespel, presentasjon av utstillinga ved Maren Andrea Rønning før ein går i utstillingsbygget og ser utstillinga. Kaffi og kaker.
I sommar er Bø Museum ope frå 7. juli og til og med 2. august – tysdag til sundag kl. 12 til 17. Museumsbutikk og kafé. Velkomen til Bø Museum i sommar!

Presentasjon av utstillinga i 2020









Omtale av felesamlinga på Bø Museum