Den årlege pilegrimsvandringa i Midt-Telemark er i år Kr. Himmelfartsdag, torsdag 29. mai. Bø museum held ope mellom kl 12.30 og 16.00. Sal av kjøttsuppe. Velkomen skal du vere; om du går, syklar eller køyrer bil til Oterholt.
Tre unge damer på påsketur i Årlia 1935. Frå Bø museum si fotosamling.
Bø museum i samarbeid med Bø Turlag inviterer til kulturtur til Årlia i Årmotdalen tysdag 27. mai. Avreise frå kommunehuset kl.17, samkøyring til Nord-Årlia, ca 16 km å køyre. Frå Åsebrua er det bomveg (står open), vegavgift kr. 90,-, som betalast i etterkant innan 48 timar. Me samlast på Nord-Årlia og ruslar derfrå, for dei som vil, på gamle stigar til Veslefoss, der var det kvern og sagbruk i gamle dagar. Vidare til den gamle plassen Bukkelia, ein stad med svært mykje historie. Så tilbake om Sud-Årlia. Lett tur på ca 2 km. Etter rusleturen samlast me rundt bålpanna og høyrer historier og hendingar om dei som levde i det indre av Årmotdalen og lagnaden deira. Gunleiv Brukås er turleiar og kjentmann. Finn Rønning, som skriv Husmannssoge frå Bø, og Halvor Gåra blir også med og fortel frå “Armodsdalen”. Og er me heldige, blir det med nokon som var med på stulsdrifta i Nord-Årlia og kan fortelja korleis det var. Ta med det du ønskjer av mat/drikke. Me må ta atterhald om evt dårleg vêr.
Med båt på Bø-elva i vikingtid
Foto: Cecilie Authen
Torsdag 24. april kl 19.00, Åheim Foredrag ved Pål Nymoen, arkeolog / første-konservator NMF, Norsk Maritimt Museum om stokkebåten som er funne i Bø-elva ved Bakås. Jørn Berget vil snakke litt om naturvitskapleg datering av tre, og metodar for å aldersbestemme tre, hus og gjenstandar i tre. Inngang kr. 120,-. Velkomen!
Årsmøte Bø museum, Kristin Kleppen attvalt som leiar
Bø museum hadde årsmøte tysdag 25. mars. Kristin Kleppen blei attvalt som leiar og dei andre i styret er: Geir Sønstebø, Kari Lønnestad, Olav Liestøl og Gunleiv Brukås. Ingrid Smedstad er Midt-Telemark kommune sin representant i styret. I samband med årsplan for 2025, orienterte dagleg leiar Cecilie Authen om “Plan for forvaltning av samlingar, formidling og strategi for Bø museum 2025-2030“. Etter årsmøtesakene hadde Cecilie Authen, dagleg leiar ved Bø museum eit interessant foredrag om Rikard Berge og Johanna Bugge Berge. Årsmøteprotokoll.
Bøheringsspel – gamle lydfiler
Frå gamalt av har bøheringsspel vore oppfatta som speltradisjon med sentrum i Bø utan ei klar avgrensing geografisk eller biografisk. Spelemannslaget Bøheringen kjøpte ein bandopptakar i 1956. Den blei kjøpt på spleis, og det var Jens Amundsen som hadde spelaren. Jens Amundsen (1921-1987) gjorde mange opptak med denne, både heime hjå folk og på stevne. Nå er ein del av lydfilene digitalisert, som du kan høyre på Digitalt museum.
Spelemannslaget Bøheringen ca 1960.
Julehelsing
Foto: Cecilie Authen
Bø museum ønskjer medlemmer og alle andre ei fin julehøgtid og eit godt nytt år! Program for 2025 er ikkje klart ennå, men arrangementa blir kunngjort i Bø blad, på heimesida og facebooksida til museet. Velkomen på Bø museum sine arrangement i 2025!
Blå skilt er kulturhistoriske skilt som skal fortelje historia der den hendte. Skilta skal vekke nyskjerrighet og interesse hos folk flest til å finne meir informasjon om temaet. Nå har det endeleg kome blå skilt til Bø, tre skilt er sett opp på museumsområdet på Oterholt, på bygningane Polen, Åheim landhandel og Åsestugo. I tillegg skilt på Bø meieri og Bø stasjon. Skiltet på Bø stasjon blei avduka 1. desember 2024, på dagen 100 år etter at det første toget rulla inn på Bø stasjon. Midt-Telemark kommune inviterte til jubileumsfeiring denne dagen; med musikk, taler og masse folk. Dei første skilta blei sett opp i Oslo på slutten av 1980 talet av Selskapet for Oslo Byes Vel. Spreidde seg etter kvart til stadar utanfor Oslo, Gvarv fekk sine skilt i 2016, etter initiativ frå Sauherad historielag.
Drikkeskikkar i Telemark torsdag 5. desember 2024 kl. 19.00
I dette foredraget vil Ellen Schrumpf snakke om korleis drikkeskikkar og alkoholkonsum utvikla seg i Telemark på 1800-talet etter at brennevinslova av 1816 gjorde brennevinsbrenninga på bygdene fri. Det dreiar seg om konsum og drikkeskikkar i byar og bygder, i kyst-fylket og indre delar av fylket, i overklassa og blant bønder og underklassa i bygdene og byane. Ho tar utgangspunkt i Eilert Sundts undersøking av «ædruelighedstilstanden» i Norge frå slutten av 1850-tallet og stiller spørsmålet om telemarkingane var berarar av heilt spesielle drikkeskikkar. Ellen Schrumpf er professor emerita i historie og har skrive om barnearbeid, foreldreskap, Gunnar Knudsen og om Porsgrunns og Telemarks historie. Inngang kr. 120,- inkl. enkel servering.
Julemesse 23. og 24. november på Oterholt
Velkomen til Bø museum og årets julemesse for heile familien, 23 og 24 november kl. 12-17. Det blir som alltid julestemning med kafe; graut laurdag og suppe sundag. Sal av småkaker, brød, julekake, kling, kransekaker og meir i Åsestugo. På Pakkbua sal ulike handverksprodukt. Open utstilling i Utstillingsbygget. Nissen kjem, og det blir verkstad for barna med høve til å lage julepynt og skrive brev til nissen. Vi pyntar juletreet på museet med barna sin eigen julepynt. Felemusikk sundag ca kl 13.
Videokveld – ekstra framsyning torsdag 14. november 2024 kl. 19.00
Da Bø museum nyleg arrangerte videokveld med framsyning av klipp frå samlinga etter Gunhild og Birger Kinck, kom det så mange at ikkje alle fekk plass på pakkbua på Åheim. Museet måtte stenge dørene, da ein ikkje vurderte det som forsvarleg å ta inn fleire. Museet er glad for godt frammøte, men lei for at dei måtte avvise folk. Torsdag 14. november blir det derfor halde ekstraframsyning, slik at fleire kan få med seg programmet. Det blir blant anna klipp med trehandverkaren Torvald Høydal og med Ragnhild Lia på Gavlesjåstulen, og glimt frå ein auksjon på Nordbø. Vel møtt til ein hyggeleg videokveld på museet! Inngang kr. 120,-