Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Kulturtur i Liheia

Bø Museum og Bø Turlag har ein årleg kulturtur, og 26. mai går denne turen i Liheia. Start ved parkeringsplassen ved Innleggen, me går over Sletteliberga, stig opp til traktorveg og traktorvegen tilbake til parkeringsplassen. På denne rundturen går me forbi fleire husmannsplassar, bl a Sletteli. Turen blir avslutta med kaffirast i tunet på den tidlegare husmannsplassen Liene. Her kan me nyte flott utsikt over Bø. Undervegs vil Bjørn Tveiten og Finn Rønning orientere om dei ulike husmannsplassane. Ta med mat/kaffi. Me møtast ved kommunehuset kl 18 for felles kjøring til Innleggen.

Legg igjen en kommentar