Gunhild og Birger Kinck samlinga

Gunhild Kinck Foto: Halvor Ulvenes

Gunhild Kinck (1926-2018)

Gunhild gjorde film- og videoopptak frå 1970-talet fram til 2010.

Birger (1919-1999) og Gunhild var eit godt lag der Birger ordna med lyd på mange arrangement og Gunhild gjorde opptak. På Dyrsku’n og Seljordspelet gjorde dei opptak i årevis. Utallige er dei konfirmasjonar og 17. mai arrangement som Gunhild og Birger filma slik at det er bevart for ettertida.

Større hendingar og ulike arrangement i regi av frivillige organisasjonar er det gjort opptak frå. Gunhild gjorde også intervju med personar som i dag er viktig dokumentasjon av nyare historie. Eit eksempel er Ragnhild Lia som var med dyr på Gavlesjåstulen mange somrar. Gunhild besøkte ho mange gonger og gjorde opptak av arbeidet på stulen.

Gunhild Kinck med nokre av kassettane Foto: Halvor Ulvenes

1. februar 2018 gav Gunhild samlinga si til Bø Museum. Det vart sett ned ei gruppe som skulle digitalisere og registrere samlinga. Det er nå digitalisert 700 VHS kassettar og innhaldet på kassettane er registrert. Dette  ligg nå i ein database.

Gruppa har laga ein del korte klipp frå samlinga som har vore vist på ulike arrangement.

Videogruppa ser at ein må halde fram arbeidet til Gunhild med å filme hendingar og intervjue personar. Me er i dag 14 personar som jobbar med materialet og nye videoprosjekt for å dokumentere historia.