Historikk

Oterholt – det gamle bygdesenteret i Bø
Avgrensa av Bøelva i sud, Juvsåa i aust, i vest av Sønstebø og i nord av Li, ligg den gamle Oterholt-garden. Her finn vi både
gravhaugar og restar av jorddyrking frå vikingtida og hundreåra før. Grunnlegginga av garden skjedde ein gong kring år 1000.
Namnet er samansett av dyrenamnet oter og holt (samling av tre) og er ei namnetype frå tidleg vikingtid.

Området der Bø Museum ligg i dag, er opphavleg eit utkantområde av den gamle garden, men blei tidleg eit viktig område på grunn av elva. Fossar med møller, sagbruk og etter kvart kraftverk og trafikknutepunkt for ferdsel til kyrkja og viktige vegar gjennom bygda som møttest her, gjorde området til ein sentral plass.

I 1831 kjøpte militærkaptein Johan Mathias Rye ein del av Oterholt, og det blei ekserserplass her som var i bruk til 1866.

Kring 1860 kom den første handelsmannen hit og bygde det som seinare blei eigedomen Løvlund, som vi framleis kan sjå.
Etterkvart blei det fleire som dreiv med handel her. Bøheringane Halvor G. Sisjord og Halvor H. Sønstebø kjøpte husmannsplassen Brua og bygde eigedomen Åheim, som i dag er ein del av Bø Museum. Her var det butikkdrift fram til 1960.

Tvers over vegen for Åheim blei forsamlingshuset på Oterholt, Polen, bygd kring 1910.
Kvifor det fekk namnet ”Polen” veit vi ikkje sikkert, men det har truleg noko å gjere med at det var kaldt her om vinteren. Polen er i dag administrasjonsbygget til Bø Museum.

I 1890-åra tok det til å vekse fram ein ”konkurrent” til Oterholt som bygdesenter for Bø, nemleg ”Bøgata”. Hovudveg Skien-Seljord og
jernbane gjennom området gjorde at utviklinga på Oterholt stoppa opp, og sentrumsfunksjonane flytte ned i det nye bygdesenteret.
På slutten av 1990-talet stengde den siste forretninga døra. Bø kommune har sikra verdiane i området gjennom regulering, og i dag er det gamle bygdesenteret hovudbasen for Bø Museum.