Hjukseåa

Hjukseåa var ei av dei mest nytta fløytingselvane i kommunen, og her er det frakta både ved og tømmer i nærare 200 år. I heftet «Skogen, elvene og vegen – ein historikk om framdrift av skogsvirke frå Hjuksebø- og Tinnegrendskogane gjennom 120 år» utgjeve av Hjukseelvens Fællesfløtningsforening i 1979 skriv forfattaren Torstein Braaten følgjande:
«Like til 1853 lå dette vidt forgrenede vassdrag ubenyttet. Men om våren nevnte år påbegyntes oppsetting av endel brøtningsdammer såvidt det sees etter initiativ av Halvor Bjørnsen Holta. I allefall vises en kontrakt mellom ham og omtrent samtlige skogeiere i Hjuksebø, datert 6. november 1852, at Holta gaes anledning til å avvirke all «tør og rådden skov samt or og birk og hvad der ikke er tjenlig til last» omkring i Hjuksebøskogene».

Virket som denne kontrakten omhandlar skulle nyttast til fyringsved i dampbåtane som blei sett i trafikk mellom Fjærekilen og Tangen i Heddal i 1851. Og Braaten skriv vidare:

«Det var hele fem dammer som måtte settes opp i de såkalla søndre åer. Den første av disse var Drevdalsdammen, hvis veldige luker krevet 9 mann for å bli åpnet; men så gjorde den også virkning der den fòr. Med forholdsvis mindre mellomrom ble det satt opp demninger ved Monsvatn, Murtetjønn, Taklåstjønna og Fjellvatnet.

Området startar heilt aust på fjella på grensa mot Kongsberg kommune, og forgreinar seg i eit vidstrakt nettverk av åar, bekkar, vatn og myrar i eit stort samanhengande skogsområde nordaust i det tidlegare Sauherad, idag Notodden kommune.   Ei viktig sideelv til Hjukseåa er Lauvåselva, som har sitt utspring oppe mot Dårstul i Lisleherad, og renn gjennom Elgsjøen vidare sudover mot Ådalen, der ho møter Drevdalsåa som kjem østanfrå Breisetområdet og Drevdalstjønnane. Samla er dette eit stort fløytingsvassdrag med ei lengde på omlag 25-30 km.

Den fyrste fløytingselva i Hjuksebø var Holmevasselva, og alt i 1735 var det dam ved Holme-vatn. Også i 1805 er Holmevassdammen nytta, og i 1845 hadde Treschow ein større uthogst i Holmevassområdet. Ei rad vatn sørger for fløytingsvatn til elvane, og fleire stader er det bygd dammar for å sikre denne tilførsla. I ein oversikt frå omlag 1870 går det fram at det på denne tid var desse dammane i bruk: Skavhaugdammen, Elgsjødammen, Høimyrdammen, Ormuldammen, Rakketjønndammen, øvre og nedre Drevdalsdammen og Kringletjønn-dammen. Likeeins var det dammar i Bråtatjønn og Budalstjønna.
Alle dammane var på denne tida sett opp av tømmer. Nokre var lukedammar, som Drevdals-

dammane, Fjellvatn-, Monsvatn-, Ormul- og Elgsjødammen, andre var såkalla spøldammar, dvs. dammar med «spøl» – eller plankar reist opp i ei ramme for å halde vatnet inne.
Torstein Braaten skriv i boka si:
Finaste brotningselva  var Lauvåsåo. Det var likevel ikkje så lite av eit arbeid å få fram tømmeret der, då dei måtte fløyte det over Elgsjøen, Velentjønna og vidare over Ormultjønna. Dette arbeidet måtte helst gjerast om notta, då ein hadde hjelp av nordaværet – særleg utpå morgosida. I dei verste åkrokene måtte det byggast styringsdammar, likeeins der elva vida seg for mykje ut. Fossane ser ikkje ut til å vera av dei verste.
Nord for Breisetområdet ligg øvre-, mellom- og nedre Rakketjønn med Rakketjønnåa som òg blei nytta som fløytingselv. Men Rakketjønnfossen var lei. Mykje av tømmeret blei difor kjørt nedunder fossen til Drevdalsåa. Denne var heller ikkje god, skriv Braaten, med sine krokar og gjuv, og det blei her lagt ned svært mykje arbeid og pengar til utbetring.

Følgjande oversikt viser det nettverk av vatn, åar og bekker som blei nytta til tømmerfløting:
Frå vasskillet mot Dårstul i nord, Tovestulåa til Elgsjøen, Damtjønn og Ormultjønn ned Lauvåseelva til Ådalen.

Frå Rakketjønnane, ned Rakketjønnbekken til Drevdalsåa.
Fra Drevdalstjønnane ned Drevdalsåa.
Monsvassbekken frå Monsvatn gjennom Murtetjønn og ned Astridåa til Ådalen. Monsvassbekken var ganske grei, men vidare nedetter kunne det vere problem, og nede i Ådalen dukka det også opp problem. Torstein Braaten skriv slik i boka:

Roter

Elvar og vassdrag som låg under Hjukse- og Lauvås Fællesfløtningsforening var, slik det var vanlig for alle fløytingsvassdrag, deilt inn i roter. Rotene varierte mykje i lengde og vanskeleghetsgrad, noko som også gav seg utslag i prisane, og sjølsagt var kostnadene høgare til lengre fløytingen var. I 1873 blei t.d. roteinndeilinga sett opp slik:

Rote 1:            Frå Hjukselensa til Ådalen
Rote 2:            Frå Ådalen til Ormuldammen
Rote 3:            Frå Ormuldammen til Elgsjødammen
Rote 4:            Over Elgsjøen
Rote 5:            Mellom Ådalen og Vrangefoss og Nybufoss

Etterkvart som det blei bygd vegar innover i området var det naturleg at meir og meir av tømmertrafikken blei overtatt av bilar. Elva hadde blitt nytta årvisst fram til 1947, men da bilvegen fram til Taklåstjønna blei bygd i 1956 var det slutt på fløytinga i Hjukseåa. Same år var bilvegen opp til Breisethytta også ferdig, og det fyrste tømmerlasset herfrå blei kjøyrt året etter.

Tømmermengder.
Ein oversikt over det tømmerkvantum som har blitt fløyta i Hjukseelva har ein heilt tilbake til året 1867. På den tida blei mengda målt i tylfter, men i 1898 gjekk ein over til måleeininga load, som var vanleg heilt fram til kubikkmeter blei innført i 1929. Ein tar med eindel tal som er nedfelt i boka til Torstein Braaten:

Året     1867  –  1820 tylfter
«          1875  –  1400  «
«          1885  –  1200  «
«          1890  –  1800  «
«          1898  –  19000  load
«          1900  –   9800     «
«          1905  –   9500     «
«          1917  –   6000     «
«          1924  –   8000     «

Elva blei årvist nytta fram til 1947, men fløtinga var forholdsvis liten. Frå 1929 blei tømmeret som nemnt målt i kubikkmeter, og ein oversikt frå 1946 viser flg. tømmermengder frakta ned Ådalen:
Frå og med året          1946    til og med       1950    –           22.431 kbm
«     «     «     «              1951    «     «     «         1955    –           20.062     «
«     «     «     «              1956    «     «     «         1956    –           21.750     «
«     «     «     «              1961     «     «     «        1965    –           19.857     «
«     «     «     «              1966     «     «     «        1970    –           14.494     «
«     «     «     «              1971     «     «     «        1975    –           21.338     «

Som ein ser ligger tala desse 30 åra nokonlunde jamnt på omlag 20.00 kbm i 5 års bolkar, og sjølv om ikkje tala kan vere direkte samanliknbare, viser det tydeleg at fløytingsvassdraget Hjukseåa og Lauvåsåa har spela ei viktig rolle i framdrifta av tømmer frå desse store skogområder.