Kulturtur i Liheia

Bø Museum i samarbeid med Bø turlag har tur til Liheia laurdag 9. oktober. Samkjøring frå kommunehuset kl 13.

Mange stader i Liheia har ei interessant historie. På denne kulturturen går me frå Innleggen, over Sletteliberga og følgjer skogsbilvegen tilbake til Innleggen. Sletteliberga har ein strålande utsikt! Undervegs vil Finn Rønning og Bjørn Tveiten frå Bø Museum fortelje om plassar som me går forbi; Sletteli, Slåtta, Kolahuset. Turen blir avslutta med kaffirast i Liene.
Turen var planlagt i mai, men måtte avlysast pga smittesituasjonen. Nå ser me fram til ein fin laurdag ettermiddag i Liheia!

Legg igjen en kommentar