Kvennøya

Ei øy i Bøelva, med lang historie

Museumsområdet Kvennøya dekkjer i dag om lag 40 mål, og det er ført opp til saman 5 bygningar på museumsområdet, som dannar eit heilskapleg eldre tun. I tillegg finst eit etablert kraftverk på øya. Museumsområdet med museumsbygningane har vore utvikla frå omkring 1990-åra. Gangbru vart etablert i samband med tilrettelegging av området og Tusenårsstaden i 2000. Kvennøyas kulturhistorie er lang og blir særleg knytt til mølledrift, sagbruksdrift og utnyttinga av vasskraft. Sagbruk har vore etablert på begge sider av Kvennøya og ved fossen, og mølledrift med tilhøyrande busetjing kan sporast tilbake til 1600-talet. Mølla «Jacob Achton», oppført i 1723, skal ha vore den første mølla som vart oppført langs Bø-elva, og mølla fekk vatn leidd inn på øya via ei vassrenne. 

Kvennøya, ant fotografert på slutten av 1800-talet. Foto ukjent, Bø museum.

I 1811 vart Oterholt sag bygd av Kaptein Rye, og i 1819 kom ei vadmålstampe for farging av tøy ved Haugesagfossen. Frå 1834 fanst tømmerlenser etablert. Vadmålstampa vart nedlagd omkring 1900. Tidleg på 1930-talet vart kraftstasjonen Oterholt Kraftverk etablert, med kraftproduksjon frå 1932. Elkraftverket er i dag eigd av Telemark Energiproduksjon AS og produksjonen utnyttar eit fall på 22 meter og produserer årleg omkring 5.1 gwh. Kulturminne knytt til mølledrift og tidlegare innretta vassrenne finst framleis på området, og området utgjer i dag eit autentisk område knytt til tidleg industriell utvikling i Noreg.

Eldre fotografi av mølla på Kvennøya. Til høgre Oterholt Kraftverk etablert i 1932.
Begge foto: ukjent, Bø museum.