Lonaåa/Hørteåa

Fløytingsvatn til Lonaåa blei henta heilt fra Nystulvatn, Murtebutjønn og Langetjønn innanfor Reskjem. På kartet er ført på namnet Damstul ved Nystulvatn, noko som tyder på at det også her var bygd ein dam.

Lonåa er ei forhaldsvis lita, men viktig fløytingselv frå skogliene rundt Reskjem/Vatnar-traktene. Ho er ikkje så lang, bare omlag 6-8 km til ho møter Åseåa ved Høgfossåmotet. Herfra renn både Åseåa og Lonåa over i Hørteåa til dei renn ut i Bøelva like aust for Mannebru. Lonåa renn gjennom eit forholdsvis flatt og steinute område, utan dei store fossar og juv. Men åa er fleire stader trong og kronglute, der det sikkert var behov for mykje vatn for å få tømmeret fram. Her er bygd eindel mindre damanlegg og forbygningar for å lette framføringa.
Eldre protokollar viser at det var eit aktivt fløytarlag for elvestrekningane i Åseåa og Lonaåa, noko som følgjande styrereferat visar:

  • Aar 1932, den 25 August, var styret i Aaseaaen samla ved Høgefoskåsa, for og sjaa efter skåtbrua og hvad det skulde gjøres med den.
    Beslutning
    Styret blev enige om og sløife opførelse av skåtbrua, men fandt det heldiger og tage en fjeldskjæring under fossen. Arbeidet blir og bortsette paa anbud som skulde være indlevert til formanden inden 1/9-32.
  • Endvidere blev vi enige om og tilskrive eierne av Gavlesjå og tilbyde dem
    Kr. 60,- pr. aar for de sidste 3 aar for leige av Gavlesjådammen.
    Møtet slut

Og i ein gammal protokoll går det fram at skogeigarane allereie så tidleg som på 1860-talet var opptekne av fløytingstilhøva. I saksframstillinga går det m.a. fram:

Aar 1863 den 19. Januar kom efter foregående Bekjendtgjørelse at  —?— avholdt i Hans Halvorsen Askildts Bolig i Bø prestegjeld for at mulig at bringe en —?— Ordning i Flødningsreglement i Hørtevassdraget, at —?— frå Vatnarbroa til —?— forbi Hvidsandbro.

(Meir stoff må fyllast til)