Lyd

Torbjørn Norendal og Tore Bjørn Pettersen har gjort ein del lydtestar i samband med videopptak. Sist i dokumentet ligg det nokre eksempel som viser noko av det vi skriv om.

I videoane er det oppe i høgre hjørne lagt inn illustrasjonar som viser den lydkjelda som er bruka.

Eksempel på merking.

Trådløs H2N H6-shotgun Sony

Det som er gjennomgåande er problemet med romklang/ etterklang i et rom.

Eksemplet her er Olav Evju opptaket. Da vi byrja testinga tenkte vi på å ha ein mygg på kvar enkelt. Erfaring viser   at det ikkje er nødvendig. I nokre tilfelle der variasjon stemmestyrke er stor, men ikkje generelt. Det har vist seg

at både Zoom H6 og Zoom H2N løyser dette bra. I opptaket Olav Evju er H6 med x/y mikrofon bruka.

Kan justeres til å ta opp i 90 eller 129 graders vinkel

H2N har både x/y, kule og surround effekt. Prisen på den er ca kr 2.500,- mens H6 med nødvendig tilleggsutstyr fort kommer opp i kr 5.000,-.

H6 har sjølvsagt fleire muligheiter spesielt med å kople fleire mikrofonar der ein individuelt kan justere lyden per kanal.

Begge har minnebrikker som gjer at ein har ein backup dersom ein kopler den til kameraet.

I tillegg har ein større reguleringsmyndigheiter i ettertid.

Shotgun mikrofonar

Den tar opp lyden betre i den retninga den pekar, men   den tar inn lyd frå sidene i mykje større grad enn vi trudde. Brukbare utgåver ligg i prisleiet kr 3.500,- til kr 10.000,-.

Myggar

Her er det to typer, trådløse og med ledning til kameraet.  Det kan koples fleir mygger inn på kameraet ved å kople saman med splitter. Det kan også koples inn gjennom Zoom H6 enheten.

Prisen på enkle mygger varierer frå kr 35,- på Biltema til bra utgaver av Røde til kr 800,-. Mygger frå Biltema har vore brukt, men kan fort bli svekka eller slutte å fungere.

Den andre typa er trådløse mygger som kostar frå kr 2.500 og oppover. Ein treng ikkje mygg på kvar einskilt person. Legg merke til i opptaket frå Polen der Bo brukar myggmikrofon.

Vår erfaring er vel at produkter frå Zoom og Røde er det vi bør satse på framover.

Boya BY-WM8 brukt i opptaket på Polen
Zoom H2N og Røde Link Filmmaker Kit som vi anbefaler

Tilråding om kva slag mikrofon du brukar i forskjellige situasjonar.

  • Zoom H2N. Med fleier deltakere så anbefaler vi denne.
    https://zoomcorp.com/en/us/handheld-recorders/handheld-recorders/h2n-handy-recorder/
  • Zoom H6 kan ha tilkobla 6 mikrofoner som kan mikses. Gruppeopptak bruker en x/y mikrofon.
  • Manual H6
  • Intervju: Zoom H6 med shotgun eller kulemikrofon. Trådløs, bruk Røde Link Filmmaker Kit
  • Presentasjon med ein taler som flyttar seg: Trådlaus Røde eller Boya myggmikrofon.
  • Foredrag i større forsamling: Zoom H2N eller Zoom H6 med shotgun. Zoom H6 med x/y mikrofon. Eller trådlaus myggmikrofon på foredragshaldar.

Det har blitt understreka er det viktig å ha mikrofonen i nærleiken av talaren og retta mot talaren. Det må og seiast at det er kvalitetsforskjell på lydutstyr. Det som er bra kostar noko meir.

I lydprøvene som blir visa gav nok gjennomgåande myggmikrofonen (Boya) på Bo si skjorte det beste resultatet. Han var alltid i nærleiken av Bo si stemme.

Mikrofonen på kameraet fanga opp ein del støy og etterklang.

Mikrofonar bruka under opptaket

H2N har x/y lydfila på dette opptaket. Det fins også i opptaket ei kulehode fil som til sammen ville gitt surround.

H6 med shotgun mikrofon var retta bort frå Bo og ga dårleg att de han sa. Men Jostein sitt innlegg kom klart fram.

Videoar med lydeksempel:

Lydtest 1
Lydtest 2
Frå videoen om Olav Evju

Gratisprogram for lydredigering. Audacity

Torebjørn Noredal

Videoen handlar om lyd.
Her er punkter frå videoen

  • Velg en fornuftig plassering for oppptaket.
  • Unngå støyande miljø utandørs slik som gate, jernbane, byggeplass o.l. og område med sterk vind.
  • Innomhus bør ein velge eit rom med liten resonans/ekko. Rommet bør ha møblering, bokhyller, tepper o.l for å dempe resonans.
  • Plasser mikrofonen nær munnen til den som skal snakke, 15 til 35 cm.
  • Bruk trådløs myggmikrofon dersom den som snakker bevegar seg og du ikkje har ein retningsstyrt mikrofon (shotgun) som kan følge rørslene til han/henne.
  • Vurder om mikrofonen må gøymast og kor. Myggmikrofonen på innsida av kleda ca 15 cm frå munnen. Her blir talen noko mindre skarp. Denne plassering kan óg nyttast ved sterk vind.
  • Ein bordmikrofon bør stå utanfor bildefeltet.
  • Sjekk opptaksnivået før du byrjar å filme. Unngå for lågt og for høgt opptaksnivå. Maks minus 18 på det lågaste og maks minus 6 på det høgaste. Vær budd på å justere lydnivået under opptaket dersom opptaket varierer i lydstyrke.
  • Bruk vindbeskyttelse på mikrofonen under opptak ute. Under opptak inne kan det være lurt å nytte eit filter foran (bord-) mikrofonen for å dempe plosiver som p og t.
  • Klapp i hendene før opptaket byrjar for å synkronisere mikrofonane.
  • Bruk fleire mikrofoner for sikkerheit, f.eks. kameramikrofonen og ein myggmikrofon. (redundans)
  • Bruk eit filmbehandlingsprogram for å gå gjennom opptaket og rette opp småfeil og justere lydnivået slik at det er på omtrent samme nivå gjennom heile programmet.
  • Hør opptaket i fleire ulike høgtalarar.