Tones tragedie. Husmannsjenta og balladesongaren Tone Høna. Ei livsskildring.

Tones tragedie. Husmannsjenta og balladesongaren Tone Høna. Ei livsskildring.


26/10/2023

På 1800-talet var dei gamle mellomaldervisene - balladane - framleis i bruk i telemarksbygdene. Men denne songtradisjonen var da på hell, og han levde sterkast blant fattigfolk. Eit døme er husmannsjenta Tone Høna (1805-1877) frå Lårdal, som hadde eit stort balladekunne.
Professor emeritus Olav Solberg har nyleg gitt ut ei bok om Tone Høna, der han lar oss få eit innblikk i livet hennar - eit liv som ikkje var utan dramatikk. På museet denne kvelden vil Solberg fortelje om balladesongaren og livet ho levde.

View full calendar