14/11/2024
Da Bø museum nyleg arrangerte videokveld med framsyning av klipp frå samlinga etter Gunhild og Birger Kinck, kom det så mange at ikkje alle fekk plass på pakkbua på Åheim. Museet måtte stenge dørene, da ein ikkje vurderte det som forsvarleg å ta inn fleire. Nå blir det ny videokveld.