Om museet

Bø museum – historikk, formål og forankring 

Bø museum er eit regionalt museum danna september 1977. Museet var tidleg tufta på eit samarbeid mellom Bø kommune, Bø ungdomslag, Bø bondekvinnelag, Bø historielag, Bø mållag, Spelemannslaget Bøheringen og Telemark distriktshøgskule. I byrjinga og fram til og med året 1999 heitte museet Bø bygdemuseum, før det i år 2000 skifta namn til Bø museum. Frå 1981 kunne publikum takast imot ved museet og frå 1982 hadde museet fast opningstid. Etter skipinga i 1977 utvikla museet seg etter kvart til å bli det som tidlegare vart omtalt som halvstatleg finansiert museum, med eigen tilsett museumsleiar (fagkompetanse) og sidan har ulike samarbeid og finansieringsformer prega utviklinga til museet. Bø museum var i perioden 01.01.2003 – 31.12.2015 ein del av Telemark Museum og i perioden hadde Telemark Museum driftsansvaret for Bø museum. Etter dette har museet i hovudsak vore drifta med utgangspunkt i kommunale ressursar og ulike søknadsmidlar, og har sidan skipinga på 1970 talet hatt stor glede av stort engasjement frå lokal frivilligheit. Bø museum blir drifta som sjølvstendig museum, men inngår i samarbeidet Midt-Telemark Museumslag. 

Museet skal jmf. vedtektene i museet: «Ta vare på bygningar, gjenstandar og annan tradisjon som er særmerkt for tradisjon i Bø. Bø museum har som oppgåve å føre dette arbeidet vidare ved: 

1. Å drive museumsverksemd og aktivisere innbyggjarane til å ta vare på og utvikle alt som har kulturhistorisk verdi for Bø. 

2. Å samle og sikre dokumentasjon, drive formidling og utvikle ny kunnskap gjennom forsking.

Bø museum er medlem av Norges museumsforbund og følger ICOMs etiske regelverk i tråd med Norges Museumsforbunds vedtekter og retningslinjer for medlemskap. 

Museumsområdet