Museumsområdet

Bygningsvern og museumsområda

Museet si bygningsmasse er stor og i dag består den samla bygningsmassen av 14 bygningar. Bygningsmassen består mellom anna av enkelte eksisterande bygg og bygg flytta til museumsområdet ved Oterholt, og i dag utgjer bygningane og området eit heilskapleg område godt eigna til formidling, leik og allmenn nytte for besøkjande. Tilstanden til dei fleste bygningar er i dag god fordi det har vore arbeidd målretta med vedlikehald og bygningsvern igjennom fleire tiår, men bygningsmassen fører med seg ei rekkje økonomiske utfordringar og er ressurskrevjande. Likevel er museumsområdet omkring Åheim og Kvennøya eit svært godt område for museal drift og tek imot fleire tusen besøkande årleg.

Julemagi på museumsområdet. Foto: Cecilie Authen

Bø museum si bygningsmasse: 

«Åheim Landhandlar-museum og bustad», byggjeår 1898, oppført i Sveitserstil, verna jmf reguleringsplan. 

«Låve/stall Åheim», byggjeår 1908, verna jmf. reguleringsplan. «Åsestugo», Byggeår 1700 talet, verna jmf. reguleringsplan. 

«Stove, Kvennøya», byggjeår 1850, verna jmf. reguleringsplan. 

«Fjøs, Kvennøya», byggjeår 1900, verna jmf. reguleringsplan. 

«Smie, Kvennøya», byggjeår 1850, verna jmf. reguleringsplan.

«Låve, Kvennøya», byggjeår 1850, verna jmf. reguleringsplan. 

«Kjone» Kvennøya, byggjeår 1850, verna jmf. reguleringsplan. 

«Bur frå Kaasa», Kvennøya, byggjeår 1844, verna jmf. reguleringsplan. 

«Uthus», museumsområdet, Åheim, byggjeår 1940, verna jmf. reguleringsplan. 

«Utstillingsbygg», museumsområdet, Oterholt, byggjeår 1998, ikkje vernet. 

«Verkstadbygg» ovanfor Oterholtfossen, byggjeår 2004, ikkje verna 

«Polen», museumsområdet, Oterholt, byggjeår 1910, verna jmf. reguleringsplan 

«Polen uthus», museumsområdet, Oterholt, byggjeår 2004, ikkje verna.

«Paviljong» museumsområdet, Oterholt, byggjeår 2025, ikkje verna.  

«Badstove» Øvre Tveiten i Eikjabygda, ukjent byggjeår. Er vedteken utgreidd for eventuell avhending.

Detaljer bygningsvern. Foto: Cecilie Authen