Om oss

Om Bø Museum

Anlegget

Bø Museum er lokalisert til Oterholt (hovudsete), Kvennøya og Østerli i Bø.
Bø Museum forvaltar 4 kulturhistoriske bygningar på Oterholt, 5 på Kvennøya og 4 på Østerli.
I tillegg kjem 2 bygningar på opphavleg plass ute i bygda.
Bø Museum forvaltar med dette til saman 15 kulturhistoriske bygningar.

Samlingane

Gjenstandsamlinga til Bø Museum utgjer totalt kring 10200 gjenstandar og fotosamlinga kring 6200 foto.
Bø Museum registrerer samlinga i Primus og leggjar stadig nye foto ut på Digitalt Museum.

Bø lokalhistorisk arkiv
Bø Museum og Bø kommune har samla sine private arkiv i Bø Lokalhistoriske arkiv. Bø Museum drifter arkivet for Bø kommune.
Arkivet består av kring 230 privatarkiv og ei bokstamme på kring 10800 band. 
Bokstamma er digitalisert og kan søkast på i biblioteksystemet «Tidemann» på museet.