Polen

Polen er administrasjonsbygget til Bø Museum og ligg til venstre når du kjem over Oterholtbrua. Huset blei bygd kring 1910. Det er ein deil teoriar om namnet Polen. Truleg har huset fått namnet Polen fordi det var så kaldt der. Det kan også ha samanheng med ekspedisjonane til Nordpolen og Sydpolen på byrjinga av 1900-talet.
Tjønntveitrommet er det første rommet du kjem inn i. Det blir kalla Tjønntveitrommet fordi ein deil av møblane kjem frå garden Tjønntveit i Øvre Bø.
Det gule rommet blir kalla Molandrommet. Møblar, rokk og byster er laga av Halvor O. Moland (1878-1955).
I dag blir Polen bruka til møte-, selskaps- og konsertlokale. I andre etasje er det kontor.