Bø museum forvaltar materielle kulturminne og immateriell kulturarv frå Midt Telemark og Telemark elles og har som hovudmål å ta vare på regional og lokal kulturarv. Arbeidet blir gjort i tråd med dei rammevilkåra museet har til rådvelde og i god dialog med løyvande styresmakter (kommune med fleire), politikarar, frivillige og publikum elles.
Bø museum har elles mål om: -Samle inn, bevare og formidle kulturhistorie knytt til Bø for kommande generasjonar, og særleg på satsingsområde som har opphav i eksisterande samlingar som handel, folkemusikk, folkedrakt, og folkekunst.

Bø museum søkjer å så langt det lèt seg gjera etterleva Icom’s museumsetiske regelverk, ved:
-Tilby gode og attraktive faste og temporære utstillingar
-Auka talet på besøkande og leggja til rette for besøk til samlingar både digitalt og fysisk.
-Få mest mogleg av samlingane til museet på sikt digitalisert, fotografert og registrert digitalt.
-Ei godt vedlikehalde bygningsmasse med kontinuerleg oppfølging av bygningsvern og etterslep vedlikehald på bygningar og museum-område.
– Arbeide for betre bevaringsforhold for Bø museum sine samlingar
-Alle bygningar til Bø museum skal vere registrerte og godt dokumenterte
-Kunne halda fram med å tilby pedagogisk tilrettelegging og høve for skulebesøk
-Arbeid for auka eigeninntekter, i form av fast løyving og søknadsmidlar
– Auke medlemstalet ved Bø museum
-Gjera utvalde delar av samlingane tilgjengeleg gjennom utstillingar på nett
-Tilby aktivitetar som kurs og eller foredrag, og dessutan utleige av areal igjennom året
-Tilby god og oppdatert informasjon på nettsider og digitalt museum. Engelsk ved behov
-Ha museumsfaglege retningsliner for samlingsforvaltning og alt frivillig arbeid. Oppfølging av museumsfagleg kvalitet, framfor kvantitet er viktig
-Forsking og forskingsførebuande arbeid skal leggjast til rette for internt og eksternt