Skiping og formål

Bø Museum er skipa 26. september 1977 og er eit resultat av det arbeidet Bø kommune, Bø ungdomslag, Bø Bondekvinnelag, Bø
Historielag, Spelemannslaget Bøheringen, Bø Mållag og Høgskolen i Telemark har gjort for å ta vare på gjenstandar og anna tradisjon som er særmerkt for kulturtradisjonen i Bø. Bø Museum har som oppgåve å føre dette arbeidet vidare ved:

  1. Å drive museumsverksemd og aktivisere innbyggjarane til å ta vare på og utvikle alt som har kulturhistorisk verdi for Bø
  2. Å samle og sikre dokumentasjon, drive formidling og utvikle ny kunnskap gjennom forsking.

Bø Museum følgjer ICOMs museumsetiske regelverk.