Kulturtur på Roheimheia tysdag 23. mai 2023

Bø Museum i samarbeid Bø Turlag har kulturtur til Roheimheia tysdag 23. mai. Det er stader med mykje kulturhistorie rundt Svalbjørtjønna, både gardar, plassar og tufter. Kjentmann Gunleiv Brukås saman med lokalkjende folk vil fortelje frå området.
Roheimheia var grenseland i tidlegare tider. Det høyrde til Sauherad, men delar av Vatnarheia høyrde til Heddal. Frå Roheimheia reiste dei til Nes for å kome til kyrkje.
Samkøyring. Avreise frå Bø Torg kl 18.00. Ta med mat/kaffi.

Bilda viser Roheimgardane med Reshjemnipa og Gausta i bakgrunnen, bilda er tatt frå omtrent same vinkel. Fargebildet er tatt i juni 2009ikkje kjent når det andre bildet er tatt.

Pilegrimsvandring i Midt-Telemark måndag 29. mai 2023 – 2. pinsedag

Pilegrimsvandring måndag 29. mai 2023 – 2. pinsedag
FOTEFAR FRÅ FORTID TIL FRAMTID
Vandring i eit spennande og allsidig kulturlandskap frå Nes kyrkje til Bø gamle kyrkje.
Sal av mat og drikke fleire stader – opningstider:
Kl. 10.30 – 15.00 Evju Bygdetun
Kl. 11.00 – 15.00 Hørte Dampfarveri
Kl. 12.00 – 16.00 Bø museum
Kl. 13.00 – 17.00 Bø prestegard. Her kan ein også kjøpe pilegrimsmerke.
Frå om lag kl 13 og utover blir det felespel på Bø Museum, nokre medlemmer i Spelemannslaget Bøheringen kjem på besøk.

Meir informasjon – sjå her!

Kurs i museumsforvaltning 13. mai 2023

————————-

Museumsnettverket SOGA inviterer til kurs i museumsforvaltning på Bø Museum i Bø laurdag 13. mai 2023. Kurset startar kl 11.00.
Kurset er ope for alle interesserte.
Samlingsansvarleg ved Vest-Telemark Museum Lene Kleivi held kurset.
Kurset har fått støtte frå Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Program/kursinnhald

Årsmøte Bø Museum, Kristin Kleppen ny leiar

Bø Museum hadde årsmøte torsdag 16. mars og 20 personar møtte fram. Kristin Kleppen blei valt til ny styreleiar. Dei andre i styret er: Jørn Berget, Kari Lønnestad, Kari Rast Monge, Olav Finstad og Evy Beate Stykket som er representant for Midt-Telemark kommune.
Etter at årsmøtesakene var unnagjort, fortalde Gunnar Brekke Amundsen litt om skulehistoria i Bø.

Bø Museum – årsmøte

Årsmøtet blir halde torsdag 16. mars 2023 kl 19.00, på Polen.
Gunnar Brekke Amundsen vil fortelje om skulejubileet 2023; Bø vgs er 100 år i år.
Enkel servering. Velkomen på årsmøtet.
Årsmøtepapir.

Julegilde fredag 13. januar 2023 kl 18.00 – arrangementet må diverre avlysast pga for få påmelde.

Etter ei lang koronapause kan Bø Museum igjen ønske velkomen til julegilde, denne gongen på tjugendagen –  fredag 13. januar kl. 18.00. Me samlast først i stemningsfulle Åsestugo til skjenk, før me vandrar over til Polen til bordsete og servering av trerettars festmåltid. Det er våre lokale meisterkokkar Bjørg Momrak og Inger Åse Sønstebø som står for maten. 
Undervegs vil det bli enkelte programinnslag, men hovudsaka denne kvelden er samveret og den gode maten.
Kjøkemeister er Torgeir Straand.
Pris kr. 500,- inkl alkoholfri drikke. Det er avgrensa tal på plassar, og me må ha bindande påmelding på epost til post@bomuseum.no eller tlf 90136992, Kari Lønnestad. Påmelding innan 4. januar 2023.

Bø-kalenderen 2023

Framsidebildet på Bø-kalenderen 2023 er frå Hegnastykket som ligg i søndre delen av Askildtområdet. Bildet er tatt ca 1902. Elles inneheld kalenderen bl.a. fleire bilde og artiklar om skulehistoria i Bø. Bø-kalenderen er til sals hos Akademika i Bø-gata og Norli bokhandel på Bø-senteret. Du kan også få kjøpt kalenderen gjennom nettbutikken til Bø Museum https://aaheim-landhandel.no/

Julemesse på Bø Museum 26. og 27. november kl 12-17

Kakebø framfor Åsestugo for nokre år sidan. (Bildet er tatt av Gro Røiland i Bø blad.) Kø blir det sikkert i år også, men kakelageret er stort; mange damer har baka småkaker fleire kveldar på Bø skule i november. I tillegg til småkaker, er det sal av nybaka brød og julekake, kransekaker, kling og andre matprodukt i Åsestugo også i år.
På Pakkbua / Åheim er det julebutikk, sal av Bø-kalenderen 2023, ost frå Lega i Rauland, bøker og ulike gåveartiklar; som strikkeprodukt, trearbeid. Tore Torsdalen er på plass med bl a gamle lamper.
Polen kafe er open; sal av graut laurdag og kjøtsuppe på sundag. Kaffi, kling og julekake kan de få kjøpt begge dagar.
Utstillingsbygget er også ope, hardingfeler, folkedrakter og utstillinga «Skogsbruk og bruksskog».
Julemessa er open mellom kl 12 og 17 laurdag 27. og sundag 28. november. Velkomen skal du vere!

Vikingtid og mellomalder i Midt-Telemark

Gårahaug

Kulturdag med Gårahaug gravfelt og kyrkjestad som tema
Laurdag 5. november kl.11:00-15:00 – gratis og ope for alle.

Oppmøte på Evju Bygdetun kl. 11:00
1. Vikingvegen – spor av religionsskiftet i Midt-Telemark
v/Ragnar Orten Lie frå VTfk Kulturarv
2. Metallsøkjarfunn – kva skjer når privatpersonar blir hobbyarkeologar?
Om gardshistorie, grunneigar, kulturminnevernet og dei som søkjer
v/Anja Nordvik Sætre og Ragnar Orten Lie frå VTfk Kulturarv
3. Geofysikk – arkeologen sin nyaste reidskap
v/Christer Tonning m.fl. frå VTfk Kulturarv
Lunsj – dugurdsuppe – og avreise vidare til Gårahaug og Bø Museum
Gårahaug
Orientering om rydding, kartlegging og vidare formidling v/VTfk Kulturarv
Bø Museum
Presentasjon av museumsgjenstandar frå Gårakyrkja v/Finn Rønning frå Bø Museum
Kaker og kaffi. Vel møtt!
Arrangør er Midt-Telemark Museum i samarbeid med Midt-Telemark kommune og Vestfold
og Telemark fylkeskommune

Åsmund Fregdegjeva – Folkemusikalsk forteljarkonsert onsdag 12. oktober 

Foto: Kulturfotografen.

Onsdag 12. oktober kl 19 kjem Ingebjørg Lognvik Reinholdt til Bø Museum med konserten Åsmund Fregdegjeva – ein forteljarkonsert om heltar og skurkar i norrøn tid.
Vi startar programmet med ei innleiing ved Sigrid Aksnes Stykket.
Kvifor blir vi så fascinert av helteforteljingane? Kva er det som gjer at så langt tilbake vi veit, har vi elska historiar om dei som tør å gå inn i det ukjende, som blandar mot og kløkt og
Forteljinga er sunge på vekslande melodier henta frå den herlige tradisjonsmusikken vår.
Kaffi og kaker, inngang kr 100.
Konserten har økonomisk støtte frå Folkeakademiet. Andre støttespelarar til konsertprosjektet er FFUK, Creos Vederlagsfond, Norsk Kulturfond.