Kakebø framfor Åsestugo for nokre år sidan. (Bildet er tatt av Gro Røiland i Bø blad.) Kø blir det sikkert i år også, men kakelageret er stort; mange damer har baka småkaker fleire kveldar på Bø skule i november. I tillegg til småkaker, er det sal av nybaka brød og julekake, kransekaker, kling og andre matprodukt i Åsestugo også i år.
På Pakkbua / Åheim er det julebutikk, sal av Bø-kalenderen 2023, ost frå Lega i Rauland, bøker og ulike gåveartiklar; som strikkeprodukt, trearbeid. Tore Torsdalen er på plass med bl a gamle lamper.
Polen kafe er open; sal av graut laurdag og kjøtsuppe på sundag. Kaffi, kling og julekake kan de få kjøpt begge dagar.
Utstillingsbygget er også ope, hardingfeler, folkedrakter og utstillinga “Skogsbruk og bruksskog”.
Julemessa er open mellom kl 12 og 17 laurdag 27. og sundag 28. november. Velkomen skal du vere!