Formidling og bærekraftig museumsutvikling
Bø museum er ein viktig reiselivsaktør i Midt-Telemark og bidreg til både høg verdiskaping for kulturelle opplevingar, og bidreg dessutan til meirsal og eksport av kulturarv. Vidare bidreg museet og satsinga knytt til dette prosjektet, til utvikling av kulturmiljø-, natur- og friluftsområde i nærområdet sitt. Ikkje minst byggjer satsinga opp under berekraftig bevaring og formidling av samlingar og kulturarv for kommande generasjonar.
I dokumentet Regional strategi for reiseliv og opplevingar 2022–2030 (Telemark fylkeskommune) heiter det:
«Reiselivet er ei av dei viktigaste næringane i Vestfold og Telemark. Vestfold og Telemark skal bli ein leiene grøn norsk region for reiseliv og opplevingsbasert verdiskaping. Næringa skal bidra til heilårlege arbeidsplassar, auka verdiskapinga med 30 % og levera så høg kunde- og opplevingsverdi at betalingsvilje, meirsal og gjenkjøpsgrad aukar. Eksportdelen skal auka med 10–40 % innan 2030 og for å redusera klimautsleppa må Vestfold og Telemark prioritera målgrupper med høg verdiskaping og lågt utslepp» (tfk.no/planer).
I høyringsutkast til regional strategi for kultur og reiseliv i Telemark 2026-2029 heiter det:
«For å nå hovudmåla i Telemarksplanens satsingsområde Naturrike Telemark, skal fylkeskommunen bidra til å bevara natur-, jordbruks- og kulturverdiar. Sikre og forvalta natur- og kulturmiljø som produkt og som kjelde til kunnskap, oppleving, tilhøyrsel og berekraftig bruk for oss og kommande generasjonar. Arbeid for å vareta klima og miljø, under dette natur- og kulturmiljø, i utvikling, tilrettelegging og besøksforvaltning av kultur- og naturbaserte opplevingar og aktivitetar. Arbeid for at alle har tilgang til og kan engasjera seg i kulturmiljø-natur- og friluftsområde i nærområdet sitt» (tfk.no/høringsutkast, 2025).
