Fotosamlingane til Bø museum utgjer omkring 50 000 fysiske fotografi, og omkring 70 000 digitaliseringar. Det er mellom anna eit stort etterslep på ordning og registrering av digitalisert materiale, men pr. 01.01.2025 har museet registrert omkring 13000 nummer i Primus som er publiserte digitalt på digitaltmuseum.no. Det har særleg blitt lagt ein stor innsats i registrering av fotografi dei siste åra, noko som er eit svært godt resultat knytt til dei seinare års ressursar ved museet.
