Per 01.01.25 har Bø museum 9021 registrerte gjenstandar, og 2276 av desse er publisert og formidla på digitaltmuseum.no. Derfor vil det vera nærliggjande å rekna med at det anslagsvis vil finnast omkring 10000 gjenstandar i Bø museum sine samlingar.
Dei første registreringane er frå 1975, og utgjer omkring 500 gjenstandar (primært Borgja-samlinga), og det har vore stor registreringsaktivitet gjennom åra også etter etablering av det digitale registreringsverktøyet Primus tidleg på 2000 talet. Dei siste tre åra har berre eit titals objekt blitt registrerte på grunn av manglande faste ressursar. Derfor vil særleg innsats knytt til nyregistrering og revidering av den registrerte gjenstandssamlinga til museet bli prioritert i åra som kjem.
Bø museum disponerer i dag primært to magasin. Eit gjenstands- og bokmagasin som ligg på museumsområdet og eit gjenstandsmagasin og arkiv i Bø sentrum. Begge magasina har grunnleggjande tryggleik varetatt, men betre klimaregulering knytt til eksisterande magasinløysingar og etablering av nytt magasinbygg er ei prioritert oppgåve det blir arbeidd kontinuerleg med ved Bø museum.
