Samlingsutvikling og innsamling
Tidlegare satsing og eldre og nyare innsamling ved Bø museum sine samlingar har særleg vore retta mot skulehistorie, folkedrakt, folkekunst og folkemusikk. Også landbrukshistorie har vore prioritert innsamla og samlingane til Bø museum i dag ber preg av desse innsamlingsområda. Utover dette har også anna kulturhistorisk relevant materiale som kan knytast til Telemark og særleg Midt Telemark si historie, vore samla breitt inn, og det vil vere ein ambisjon om å føre vidare innsamlingsstrategien framover.
Om aktiv og passiv innsamling
Bø museum har hatt og vil framleis føra passiv og aktiv innsamling knytt til samlingane sine. Likevel er det i praksis passiv innsamling som er mest aktuell, ved at innspel og tilbod om inntak til samlingane våre frå publikum blir fortløpande behandla.
Samtidig følgjer museet med på viktige samlingar eller kulturhistoriske hendingar som skjer, og kan særleg knytt til spesielle tema, prosjekt eller formidlingsverksemd, aktivt gå ut å etterspørja bidrag til samlingane.

Rutinar knytt til innsamling, avhending og inntaksarbeid
Bø museum praktiserer inntakskomité ved behandling av inntak til samlingane. Inntakskomité består av styreleiar, gjenstandsansvarleg og dagleg leiar. Kriterium ved behandling av mottak til samlingane blir bedømde i hovudsak slik:
Vedtak: Gjenstandane har stor kulturhistorisk verdi knytt til Bø museum og samlinga til museet av kulturhistorie frå Bø og blir tatt inn i samlingane.
Vedtak: Gjenstandane har liten kulturhistorisk verdi knytt til Bø museum og samlinga til museet av kulturhistorie frå Bø og blir ikkje tatt inn i samlingane.
For sistnemnde vedtak blir særleg lagt vekt på følgjande kriterium:
-Objekt og materiale som ikkje har tilknyting til regionale nærområde eller satsingsområda til museet
-Unngå for mange dublettar
-Objekt der Bø museum ikkje kan tilby tilfredsstillande lagringsforhold All behandling om inntak og eventuelt mottak til samlingane blir ført digitalt, og mottaksskjema som tilfredsstillande juridisk dokument, blir signert både av givar og dagleg leiar/styreleiar ved museet. Avhending skjer sjeldan, men kan vedtakast dersom objektet eksempelvis er forvitra, øydelagt eller i ein slik stand at det er lite formålstenleg å behalda det i samlingane. Elles går eventuell avhending føre seg i tråd med museumsetiske regelverk, blir ført i Primus (dersom objekt er registrert eller i eldre register protokoll) og i eigen avhendingsprotokoll.
