Frivilligheit og folkehelse

Frivilligheit er viktig for museumsdrifta til Bø museum og er prioritert følgt opp i den daglege leiinga. Bø museum har om lag 125 medlemmer og om lag 70 aktive frivillige. Dei frivillige ved museet utgjer ein svært viktig ressurs, og både medlemmer og ikkje-medlemmer er frivillige ved museet. Bø museum har museumsfaglege retningsliner for samlingsforvaltning, og alt frivillig arbeid og oppfølging av museumsfagleg kvalitet, blir sett framfor kvantitet. Museumsarbeid er ikkje berre arbeid som skal etterleva mange faglege krav og kvalitet, men det er viktig at frivillig engasjementet bringer glede og inspirasjon til den det gjeld, fast tilsette og publikum elles.

Sosialt samvær igjennom arrangement, musikk og anna sosial samhandling mellom publikum, fagkompetanse ved museet og frivillige utgjer levande immateriell kulturhistorie i stadig utvikling. Frivilligheit organisert ved Bø museum er helsebringande og er blant annet forankra i Midt Telemarks kommune strategiarbeid «Frivilligstrategi 2021-2025» Mål 3.3: Innbyggarane i Midt Telemark har et aktivt og helsebringande liv.

«Dei regionale føringane for kultur- og reiselivsstrategien 2026–2029 i Telemarksplanen seier mellom anna:

«Ny strategi for kultur og reiseliv skal bidra til å skapa kompakte, levande byar og bygder med høg kvalitet. Ny strategi skal også bidra til sosial berekraft og eit inkluderande Telemark gjennom å framheva koplingar mellom kultur og folkehelse. Tilgang til kulturaktivitetar verkar positivt på folks fysiske og psykiske helse. Fylkeskommunen skal arbeida for at alle har tilgang til tilrettelagde og universelt utforma arenaer og aktivitetar i nærmiljøet sitt. Besøks- og kulturmiljøforvaltning vil bli ein del av strategien» (tfk.no/høringsutkast, 2025).

Frå arbeid julemessa 2024 Foto: Cecilie Authen