Besøk frå Bø vgs

Elevar frå kombinasjonsklasse ved Bø vidaregåande skule har vore på besøk på Bø museum. Fleire nasjonalitetar var representert. Dagen starta med samling på Polen, enkel servering med lokalprodusert eplesaft og brødskiver med geitost. Brødet var baka i steinomnen på museet. Etter ei orientering inne på Polen, var det ein runde i dei ulike husa på museumsområdet. Dei avslutta museumsbesøket med bålfyring og grilling av pølser på Kvennøya.