Filmsamlingar

Bø museum bevarer ei større filmsamling etter Gunhild og Birger Kinck som tel omkring 1200 nummer og vart i 2025 registrera og sendast til Nasjonalbiblioteket for deponering og digitalisering. Likevel har mange filmar frå samlinga førebels blitt digitaliserte og er formidla under nettsida til museet, der det ligg 30 filmar. 

Filmsamlinga til museet skal elles formidlast via digitaltmuseum.no der det også finst fleire filmar.

Gunhild Kinck
Foto: Halvor Ulvenes

Gunhild og Birger Kinck samlinga

Gunhild Kinck (1926-2018)

Gunhild gjorde film- og videoopptak frå 1970-talet fram til 2010.

Birger (1919-1999) og Gunhild var eit godt lag der Birger ordna med lyd på mange arrangement og Gunhild gjorde opptak. På Dyrsku’n og Seljordspelet gjorde dei opptak i årevis. Det er utallige konfirmasjonar og 17. mai arrangement som Gunhild og Birger filma slik at det er bevart for ettertida.

Større hendingar og ulike arrangement i regi av frivillige organisasjonar er det og gjort opptak frå. Gunhild gjorde også intervju med personar som i dag er viktig dokumentasjon av nyare historie. Eit eksempel er Ragnhild Lia som var med dyr på Gavlesjåstulen mange somrar. Gunhild besøkte ho mange gonger og gjorde opptak av arbeidet på stulen.

1. februar 2018 gav Gunhild samlinga si til Bø Museum.

Gunhild Kinck med nokre av kassettane
Foto: Halvor Ulvenes