Privatarkiv

Lokalhistoriske arkiv tidlegare under Bø kommune, og andre privatarkiv i samlingar ved Bø museum, utgjer eit stort analogt arkiv. Det er etterslep på registrering og ordning av dei mange arkiva til museet, men mange er registrerte og det blir arbeidd kontinuerleg med arkiva, om-emballering og andre bevaringsomsyn knytt til dei. 

Om lag 250 ulike arkiv er publiserte i ei oversikt via lokalhistoriewiki.no. Dette har vore ein formålstenleg måte å registrera overordna kva arkiv Bø museum forvaltar. Likevel vil det vera fornuftig å undersøkja moglegheita for registrering av privatarkivet til museet framover i programvara Asta, noko som også vil bidra til auka formidling av arkiva, men dette er først og fremst eit ressursspørsmål som heng saman med auka løyvingar av midlar og fast tilsette ressursar.

Privatarkiv frå Bø Museum

Midt-Telemark lokalhistoriske arkiv