Folkedraktseminar – gamle dokker fortel

Folkedraktseminar – gamle dokker fortel


26/09/2026

Bø museum inviterer til dagsseminar om folkedrakter, og igjen er me så heldige å ha Kari-Anne Pedersen, Terje Lia og Hedvig Juell som seminarhaldarar. Denne gongen er det skjorter, serkar og undertøy som er hovudtema, og dei vil ta for seg gamle folkedraktkledde dokker som dei vil kle av og analysere.
Kari-Anne Pedersen, Terje Lia og Hedvig Juell har solid kompetanse på folkedraktfeltet, med drakter frå Aust-Telemark som spesiale. Me ser fram til ein spennande og interessant folkedrakt-dag på Bø museum!

Kl. 09.30: Frammøte og kaffi på Åheim, pakkbua
Kl. 10.00: Seminaret startar
Kl. 12.00: Dugurd (lunsj) på Polen
Kl. 13.00: Seminaret fortset
Kl. 16.00: Slutt

Deltakaravgift: Kr. 400,- inkl. dugurd og kaffi ved ankomst.
Påmelding skjer på epost til loennest@online.no eller sms til nr 90136992. Du vil få svar med stadfesting av påmeldinga. Deltakaravgifta betalast til Bø museum, konto nr. 2630.07.11269 eller Vipps nr 512181. Merk betalinga med namn. Frist for påmelding og betaling av deltakaravgift er måndag 21. september. På grunn av plassen set me eit tak på 30 deltakarar. Meld frå om evt allergiar ved på melding, med tanke på serveringa.

Bø museum - Åheim
Oterholtvegen 148
Bø i Telemark, 3802

View full calendar