Årsmøte Bø museum – Kristin Kleppen attvalt som leiar

Bø museum hadde årsmøte 21. mars, med gledeleg godt frammøte, 29 personar. Kristin Kleppen blei attvalt som leiar, og dei andre i styret er: Jørn Berget, Kari Rast Monge, Kari Lønnestad, Geir Sønstebø og Ingrid Smedstad som er Midt-Telemark kommune sin representant.
Etter årsmøtesakene fortalde Gunleik Hynne litt som sommarutstillinga i år, som skal handle om Bø stasjon 100 år. Protokoll frå årsmøtet.

Bø museum torsdag 11. april kl 19:

Eg diktar ikkje – eg fortel berre sanninga

Hæge Manheim og Oddbjørn Aase

Me er to utøvande kunstnarar busette i Seljord som ynskjer å lyfte fram Seljordsdiktaren Halvor J.
Sandsdalen (H.J.S).
Musikar Oddbjørn Aase og skodespelar Hæge Manheim vandrar i diktinga til ein smålåten, men stor diktar. Me tek tak i dei tonesette dikta, men også korte dikt og tekstar – altså ein kabaret. Her er tilsynelatande små tema som belyser store ting i livet og verda – med underfundig humor og vemod, men også satire og beiske spark til øvrigheita. H.J.S. ser livet frå småkårs folk si side.
Du kan høyre Hæge og Oddbjørn på Åheim, Bø museum torsdag 11. april kl 19.
Inngangspengar kr 200.


Bø Museum – årsmøte 21. mars 2024

Solnedgang ved Oterholt 26. januar 2024.

Bø Museum har årsmøte torsdag 21. mars 2024, kl 19.00 på Polen.
Frist for innsending av saker til årsmøtet er 1. mars. Saker kan sendast på e-post til post@bomuseum.no, alternativt ta kontakt med leiar Kristin Kleppen, tlf 97654936.
Årsmøtepapira finn du her.

Bø-kalenderen 2024

Frå slutten av 1980-talet har Bø Museum kvart år gitt ut ein kalender med historiske bilde. Bø-kalenderen for 2024 kan du nå få kjøpt hos Brage Bok (tidlegare Akademika) i Bø-gata og hos Norli Bøsenteret. Kalenderen kan også tingast i nettbutikken til Bø Museum, https://aaheim-landhandel.no/

Bø-kalenderen 2024 har stoff frå:

  • The Others
  • Bø mølle i over 70 år
  • Lifjøll I.L. og Lifjøllbakken
  • Transport til Tokke-anlegga
  • Pløying med traktor på Borgja
  • Idrettsmannen Tor Bergland
  • Øygards-området
  • Bø Handelsskule
  • Oppheim, garden rett opp for Bø stasjon
  • Hos fotografen
  • Ingeborg og Eivind Fosstveit
  • Jernbanen i Bø 100 år

Julemesse på Bø Museum 25. og 26. november 2023

Frivillige ved Bø Museum er godt i gang med førebuingar til julemessa, blant anna baking av småkaker. Stor etterspørsel etter kakene, og mange damer er fleire kveldar på Bø skule for å fylle opp boksar med småkaker. I tillegg til småkaker, er det sal av nybaka brød og julekake, kransekaker, kling og andre matprodukt i Åsestugo også i år.
På Pakkbua / Åheim er det julebutikk, sal av Bø-kalenderen 2024, bøker og ulike gåveartiklar; som strikkeprodukt og andre handverksprodukt.
Polen kafe er open; sal av graut laurdag og kjøtsuppe på sundag. Kaffi, kling og julekake får de kjøpt begge dagar.
Sundag i 13-tida er det felespel på Polen, ved Spelemannslaget Bøheringen.
Julemessa er open mellom kl 12 og 17 laurdag 25. og sundag 26. november. Velkomen skal du vere!

Lakselordene i Lågendalenonsdag 22. november kl 19.00

Britiske laksefiskere, Kjærrafossen ca 1890

I over 20 år har Morten Harangen (48) jaktet på spor etter de britiske aristokratene som fisket laks i Numedalslågen på 1800-tallet. Resultatet er boka «Lakselordene i Lågendalen» – og denne høsten legger han ut på en omfattende foredrags- og boksignerings-turné i Norge og England, og besøker nå Bø Museum.
Inngangspengar kr 100 inkl enkel servering.

Seminar om vikingtid og mellomalder i Midt-Telemark

Seminaret er fredag 29. og laurdag 30 september 2023, på Evju Bygdetun, Sætrevegen 44, 3810 Gvarv.
Program

Jødehatet i Bø – foredrag på Bø Museum torsdag 7. september kl 19.00

Negative forestillingar om jødar og jødedomen har lange
historiske røter i Europa. Motforestillingane har handla om religion, men
botnar også i raseideologisk og nasjonalistisk tankegods.  Antisemittismen
har tatt mange former. Jødane har blitt utsette for diskriminering,
trakassering og forfølging, og vi kjenner alle til jødeutryddingane under den
andre verdskrigen.
Også i Bø har det vore haldningar til jødar som vi ikkje er stolte av i dag. Denne
kvelden vil historikar Ingvar Skobba fortelje om jødehatet i Bø i krisetid og
krigstid, perioden 1920-1945. Etter foredraget blir det enkel servering og høve
til ein prat rundt bordet.
Inngangspengar kr 100.

 

Automatisk kladd

Sommarsundag på Bø Museum

Ytterbø i Bø-gata, bilde tatt ca 1910

Sommarsundag på Bø Museum 23. juli; kl 15.00 kan du høyre Halvor Kleppen snakke om «Bø for 100 år sidan». 
Kafeen / museumsbutikken er open; denne sundagen er det sal av kjøttsuppe i tillegg til kaffi, vaflar, kake, is, brus. 
Sommarsundag på museet 30. juli; kl 15.00 fortel Finn Rønning om Åsestugo.
Bø Museum held ope til og med 30. juli, tysdag til sundag, kl 12.00 til kl 17.00. 
Alle hus på museumsområdet er opne om sundagane, og utandørs er det fint leikeområde for ungar.

Sommar på Bø Museum

Bø Museum har ope frå sundag 2. juli til og med sundag 30. juli kl 12-17. Museet er stengt måndagar.
Årets sommarutstilling: “Med kunnskap skulle bygda byggast.” Skulesoga i Bøherad. Utstillinga markerer både 100-årsjubileum for den vidaregåande skulen og 200-årsjubileum for Grauteknapp-skulen.
Hausten 1971 starta dei første studentane på Distriktshøgskulen i Bø, og det er ikkje utan grunn at Bø blir kalla ei skulebygd.
Leikeområde, museumsbutikk og kafe.
Sommarsundag på museet:
2. juli kl 13: Opningsprogram med bl a Margit Ims, Halvor Kleppen, felespel ved Lars-Ingar Meyer Fjeld som nyleg har fått andreplass i hardingfele klasse A på Landskappleiken.
9. juli kl 15: Kari Lønnestad spelar langeleik i Åsestugo.
16. juli kl 15: Einar Fagerås fortel om Åheim landhandel.
23. juli kl 15: Halvor Kleppen “Bø for 100 år sidan”.
30. juli kl 15: Finn Rønning fortel om Åsestugo.
Åsestugo er open kvar sundag i juli.
Velkomen til Bø Museum og utstilling!