Kulturtur på Roheimheia tysdag 23. mai 2023
Bø Museum i samarbeid Bø Turlag har kulturtur til Roheimheia tysdag 23. mai. Det er stader med mykje kulturhistorie rundt Svalbjørtjønna, både gardar, plassar og tufter. Kjentmann Gunleiv Brukås saman med lokalkjende folk vil fortelje frå området.
Roheimheia var grenseland i tidlegare tider. Det høyrde til Sauherad, men delar av Vatnarheia høyrde til Heddal. Frå Roheimheia reiste dei til Nes for å kome til kyrkje.
Samkøyring. Avreise frå Bø Torg kl 18.00. Ta med mat/kaffi.
Bilda viser Roheimgardane med Reshjemnipa og Gausta i bakgrunnen, bilda er tatt frå omtrent same vinkel. Fargebildet er tatt i juni 2009, ikkje kjent når det andre bildet er tatt.