Videokveld – ekstra framsyning
torsdag 14. november 2024 kl. 19.00
Da Bø museum nyleg arrangerte videokveld med framsyning av klipp frå samlinga etter Gunhild og Birger Kinck, kom det så mange at ikkje alle fekk plass på pakkbua på Åheim. Museet måtte stenge dørene, da ein ikkje vurderte det som forsvarleg å ta inn fleire. Museet er glad for godt frammøte, men lei for at dei måtte avvise folk. Torsdag 14. november blir det derfor halde ekstraframsyning, slik at fleire kan få med seg programmet. Det blir blant anna klipp med trehandverkaren Torvald Høydal og med Ragnhild Lia på Gavlesjåstulen, og glimt frå ein auksjon på Nordbø.
Vel møtt til ein hyggeleg videokveld på museet!
Inngang kr. 120,-