Kulturtur til Årmotdalen tysdag 27. mai

Tre unge damer på påsketur i Årlia 1935. Frå Bø museum si fotosamling.

Bø museum i samarbeid med Bø Turlag inviterer til kulturtur til Årlia i Årmotdalen tysdag 27. mai.
Avreise frå kommunehuset kl.17, samkøyring til Nord-Årlia, ca 16 km å køyre. Frå Åsebrua er det bomveg (står open), vegavgift kr. 90,-, som betalast i etterkant innan 48 timar.
Me samlast på Nord-Årlia og ruslar derfrå, for dei som vil, på gamle stigar til Veslefoss, der var det kvern og sagbruk i gamle dagar. Vidare til den gamle plassen Bukkelia, ein stad med svært mykje historie. Så tilbake om Sud-Årlia. Lett tur på ca 2 km. 
Etter rusleturen samlast me rundt bålpanna og høyrer historier og hendingar om dei som levde i det indre av Årmotdalen og lagnaden deira.
Gunleiv Brukås er turleiar og kjentmann. Finn Rønning, som skriv Husmannssoge frå Bø, og Halvor Gåra blir også med og fortel frå “Armodsdalen”. Og er me heldige, blir det med nokon som var med på stulsdrifta i Nord-Årlia og kan fortelja korleis det var.
Ta med det du ønskjer av mat/drikke.
Me må ta atterhald om evt dårleg vêr.

Legg igjen en kommentar