“Sommarsondag” på Bø museum
Sundag 27. juli kl 17.00: Slåttar frå Seljordshei til Oterholt, ved Einar Øverland og Torgeir Straand.
Me avsluttar sommarsesongen med eit hardingfeleprogram. Her møtest seljordingen Einar Øverland og bøheringen Torgeir Straand til spel og prat om slåttar frå Seljordshei til Oterholt. Og kanskje vil instrumentansvarleg ved museet, Atle Tjønnås, hente fram fela «Kjempa», som ein gong tilhøyrte Leiv Sandsdalen, som blei fødd for 200 år sidan.
Denne sundagen kan du også få kjøpt suppe på museet, frå ca kl 13, så legg turen til Oterholt for sundagsmiddag, kaffi og vaflar, utstilling og konsert.
Billett kr 200,- inkl. utstilling.