Sommarutstilling på Bø Museum: «Skogsbruk og bruksskog». Utstillinga er open ut juli, tysdag til sundag kl 12-17. Leikeområde, museumsbutikk, kafe

Tømmertransport til Nybuvelta i Østerli skog

Skogen har vore til glede og nytte for alle i Bø og omegn til alle tider. Årets sommarutstilling på Bø Museum viser ulike sider ved livet i og med skogen opp gjennom tida. Skogen har sjølvsagt vore leveveg og arbeidsstad for dei som hogde og selde tømmer, men i tillegg har skogen gjeve bær og kjøtt til mat; tremateriale til bygg og reiskapar; og område som blei bruka til rekreasjon.
Kom innom på utstillinga i sommar og les meir om tømmerdrift og tømmerfløting, skogsarbeidaren, jakt, matauk og mykje meir.
Bø Museum er ope frå 2. til 31. juli, tysdag til sundag kl 12-17.
Leikeområde, museumsbutikk og kafe. Velkomen til Bø Museum!

Lugarkveld 5. mai kl 19.00 på Sandvin; «På loffen» med Thor Gotaas, Halvor Kleppen og Per Anders Buen Garnås

Bø mållag og Bø museum inviterer til lugarkveld på Sandvin torsdag 5. mai kl 19.00 med sjølvaste Thor Gotaas.
Her skal det lugast om loffarar, vagabondar og livet langs den norske landevegen. Dette passar godt i mai, då folkelivet langs landevegen vaknar til liv igjen på våren etter den
lange vinterdvalen. Me vonar bøheringane også har kome seg ut av vinterdvalen og loffar seg opp til Sandvin denne maikvelden.
Thor Gotaas er folkeminnegranskar og forfattar frå Brumunddal. Han har skrive ein drøss med bøker om alt frå utedoar og skiheltar, til bygdeoriginalar og norske utvandrarar i
Amerika. Han er ein framifrå foredragshaldar med både munndiarè og glimt i auget.
For å få den lokale vrien vil Halvor Kleppen lose oss gjennom kvelden og Per Anders Buen Garnås vil spele nokre utvalgte slåttar.
Det vert sal av kaffi og kaker før og etter arrangementet. Det vert også høve til å kjøpe bøker og mållags-effektar.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Bø mållag, Bø Museum og Bøker i Bø.
Start klokka 19.00. Dørene opnar 18.00. Billettpris: 250 kr. Kan kjøpast via Gullbring

Bø Museum – bøker og brød

Laurdag 26. mars er Bø Museum ope mellom kl 11.00 og kl 15.00.
Det blir baka brød i steinomnen på museet og brøda blir selt på Pakkbua. På Pakkbua er det også eit rikt utval av eldre bøker til ein rimeleg penge. Bø Museum har også ein del nyare lokalhistoriske bøker for sal.
I Utstillingsbygget kan de sjå utstillinga «Skibygda Bø», denne utstillinga blir straks tatt ned. Bunadutstillinga har blitt oppdatera i vår.  
På kafe Polen kan du få kjøp påsmurte brødskiver, vaflar, kaffi. Spelemannslaget Bøheringen kjem innom utpå føremiddagen.
Bø Museum håpar at mange finn vegen til Oterholt denne dagen – velkomne skal de vere!

Skulebesøk på museet

Bilde til venstre: Klasse 10a ved Bø ungdomsskule er på veg inn i utstillingsbygget. Dei to andre bilda er 5. klassetrinn Folkestad skule med ein gjesteelev.

Les meir

Bø-kalenderen 2021


Bø-kalenderen 2021 kan du kjøpe kalenderen gjennom nettbutikken Aaheim Landhandel. I kalenderen finn du interessant historie og bilde frå Bø.

Bø kalenderen 2021

Medlemskap Bø Museum
Du kan støtte Bø Museum gjennom medlemskap, medlemskontingenten for 2021 er:
Enkeltmedlem kr 250,-. Familiemedlemskap Kr 300,-
Innbetaling til konto: 2630 07 11269. Hugs å skrive namn på innbetalinga

Register deg her.