Lugarkveld 5. mai kl 19.00 på Sandvin; “På loffen” med Thor Gotaas, Halvor Kleppen og Per Anders Buen Garnås 14/04/2022 Bø mållag og Bø museum inviterer til lugarkveld på Sandvin torsdag 5. mai kl 19.00 med sjølvaste Thor Gotaas.Her skal det lugast om loffarar, vagabondar og livet langs den norske landevegen. Dette passar godt i mai, då folkelivet langs landevegen vaknar til liv igjen på våren etter denlange vinterdvalen. Me vonar bøheringane også har kome seg ut av vinterdvalen og loffar seg opp til Sandvin denne maikvelden.Thor Gotaas er folkeminnegranskar og forfattar frå Brumunddal. Han har skrive ein drøss med bøker om alt frå utedoar og skiheltar, til bygdeoriginalar og norske utvandrarar iAmerika. Han er ein framifrå foredragshaldar med både munndiarè og glimt i auget.For å få den lokale vrien vil Halvor Kleppen lose oss gjennom kvelden og Per Anders Buen Garnås vil spele nokre utvalgte slåttar.Det vert sal av kaffi og kaker før og etter arrangementet. Det vert også høve til å kjøpe bøker og mållags-effektar.Arrangementet er eit samarbeid mellom Bø mållag, Bø Museum og Bøker i Bø.Start klokka 19.00. Dørene opnar 18.00. Billettpris: 250 kr. Kan kjøpast via Gullbring