Kulturtur i Limarka tysdag 28. mai

Store-Jon Høgsås og Kari G. Forberg på Høgsås 1939

Avreise frå Bø torg kl 17.00.
Denne gongen går turen til Limarka. Gunleiv Brukås har fått med seg Halvor Gåra som kjentmann, og me får høyre om folk og hendingar frå plassar som Stavsholt, Ormstunga, Høystul og Høgsås. Me reknar med ein tur på omlag 3,5 km, men som kan avpassast etter ver og kondisjon. Undervegs tar me ein kaffirast, så ta med deg litt i sekken. Avreise frå Bø torg kl. 17.00 for felles kjøring.
Bø museum i samarbeid med Bø turlag.

Legg igjen en kommentar