Kvennøya

I mai har bålplassen på Kvennøya fått ei oppgradering. Gamal bålplass er fjerna, det er lagt eit område med grus, og ny bålring er bygd opp. Steinane har museet fått frå Steinsenteret, og Tor Sisjord har laga nye benkar.

Og her er dugnadskarane frå venstre: Karl Magne Verpe, Rolf Steinsland, Karl Åge Liland og Eivind S. Forberg.

Ei oppfordring til alle, hald plassen ryddig og fin, og ta med søppel heim!

Legg igjen en kommentar