Sommar på Bø museum
Bø museum er ope frå 29. juni til og med 28. juli, kl 12.00 til kl 17.00, tysdag til sundag.
Sommarutstilling “Hundre år med jernbane”.
Sundag 28. juli er siste opningsdag i sommar. Kl 15.00 vil Atle Tjønnås presentere nokre av felene i samlinga på Bø museum. Han har fått med seg drangedøl og spelemann Herman Gautefald som lar oss få høyre korleis dei let.
Frå ca kl 13.00 er det sal av kjøttsuppe, og sjølvsagt kaffi og vaffel, is, kake. Velkomen!
Arrangement sommaren 2024
Laurdag 29. juni kl. 13.00 Opning av sommarutstillinga “Hundre år med jernbane”. Program med bl a Gunleik Hynne og elevar ved Kulturskulen. Kaffi og kaker. Inngang 100 kr.
Sundag 30. juni kl. 17.00: Bygdevandring på Bø stasjon med Gunleik Hynne
Sundag 7. juli kl. 17.00: Konsert med gruppa Telehiv; Mari Foss, Harald Foss og Helge Røys: Nye og gamle grendeviser
Sundag 14. juli kl. 15.00: Bygdevandring på Oterholt med Finn Rønning
Sundag 21. juli kl. 15.00: Bø for hundre år sidan, ved Halvor Kleppen
Sundag 28. juli kl. 15.00: Atle Tjønnås og ein felespelar presenterer hardingfeler frå samlinga til museet
Museumsbutikk og kafe.
Velkomen til Bø museum i sommar!
Sommarutstillinga har fått støtte frå Telemark fylkeskommune.